Pakken inneholder 3 ulike ostetyper laget av frisk geitemelk frå garden Rudningen, ystet på Hol Ysteri. Dei ulike ostene er Leirgrøv Naturell, Prosten og Fersk Kremost
Leirgrøv naturell er laga på mjølk utenom stølssesongen, altså når geitene koser seg innomhus på garden. Osten blir selt etter seks månader til to år etter produksjon. I utgangspunktet er han kvit og mild, men etter ei tids lagring kan han få eit rosa skjær og bli meir mineralsk i smaken. Leirgrøv naturell er hovudosten til Prestholt Geitost, og vann ein gjev gullmedalje i VM i ost i 2018.
Fersk kremost har det same utgangspunktet som Prosten, men denne har ikkje kvitmugg på utsida. Han liknar andre naturelle kremostar av geitemjølk, og blir laga på både vintermjølk og stølsmjølk. I sumarsesongen får han eit klistremerke der det står «laga på stølsmjølk».
Prosten er ein modna kremost av geitemjølk, det nordmenn liker å kalle chevre. Denne blir laga heile året, både på stølsmjølk og vintermjølk. Presten har fått namnet sitt etter den tidlegare (gamle) presten i Ostebygda. Han er glad i å lage mat og svært entusiastisk til ost, og han forkynner gjerne den glade bodskapen om lokale ysteri og lokalprodusert ost.
Det er ca 1,2 kg ost i pakken.
Omtaler
Det er ingen omtaler ennå.